Visste du at avisa du les akkurat no er ein viktig temperaturmålar for demokratiet i Noreg?

Det blir stadig færre lokalaviser i verda, og dermed forsvinn steinar frå demokratiets grunnmur. Den 3. mai markerer vi den internasjonale dagen for pressefridom, og i den samanhengen er det passande å framheve pressa, og særleg lokalavisene, si viktige rolle i demokratiet.

Demokratiet er sterkt pressa

Sju av ti personar i verda lever utan demokrati. Det gjennomsnittlege demokratiske nivået i verda er no tilbake til slik det var i 1985, då Sovjetunionen enno var verdas tredje største land. Med denne utviklinga som bakteppe blir 2024 eit spanande år: Det skal haldast 60 demokratiske val – og i over halvparten av desse landa (31) har demokratiet blitt svekt sidan førre val.

Difor er det viktigare enn på lenge å trekkje fram kreftene som bidreg til å styrkje demokratiet. Her er lokalpressa sentral.

Lokalpressa set makta under lupa. Rundt om i kommunane treff dei folkevalde dagleg avgjerder om saker som betyr mykje for lokalsamfunnet. Det er viktig at veljarane er godt informerte før dei vel sine representantar – og at dei folkevalde har informasjon om kva som rører seg i lokalsamfunnet. Lokalpressa spelar ei viktig rolle i demokratiet ved å belyse sentrale saker og rette eit kritisk blikk mot dei som sit med makta. Lokalmedia gir oss ei felles forståing av korleis det står til der vi bur, og sørger for ei brei offentlegheit rundt saker som folk er opptekne av og som vedkjem dei direkte i kvardagen.

Avisdød – negativt for lokaldemokratiet

I land som USA og England har lokalpressa forsvunne frå dei fleste lokalsamfunn, til fordel for ei nasjonal presse som må prioritere saker med større nedslagsfelt. Dette gjer at innbyggjarane går glipp av viktig informasjon om den politiske utviklinga i lokalsamfunnet, samtidig som makthavarane unngår kritisk søkelys. Dette er ein trend som er negativ for demokratiet. Kven definerer sanninga om lokalsamfunnet då? Og korleis skal det bli ein brei debatt om viktige avgjerder for innbyggjarane?

Lokale saker engasjerer

Fjoråret var dramatisk for mange lokalsamfunn. Ekstremvêret Hans skapte flaumar som øydela hus, avlingar og offentlege bygg. Dette er eit døme på ei viktig lokal sak som engasjerer breitt. Også kommunestyre- og fylkestingsvalet i fjor engasjerte. I same tidsrom auka bruken av regionavisene med 7,2 prosent og lokalavisene med 6,5 prosent i tredje kvartal 2023, samanlikna med året før. I Noreg har vi no godt over 200 lokalaviser med eit samla opplag på over 1,6 millionar. Dette er ei svært god utvikling. Den viktigaste årsaka til at folk abonnerer på lokalavisene er at dei vil følgja med på det som skjer i nærområdet, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.

Meir lokalpresse, meir demokrati

Det er også flott å sjå at Vestland tek del i den same utviklinga. I dag kan innbyggjarane i Vestland velje mellom 20 lokalaviser, med eit samla opplag på godt over 100 000. På den internasjonale dagen for pressefridom er det viktig å minne oss på at vi ikkje kan ta dette for gitt. Vi må alltid jobbe for at den demokratiske grunnmuren skal stå støtt. På denne dagen er det på sin plass å takke deg som les lokalavisa – og deg som annonserer i ho. Hald fram med det! Pressa, og ikkje minst lokalpressa, er ein føresetnad for eit levande demokrat.